torsdag 26. mai 2011

Ei samfunnskritisk bok - "Kaninbyen" av Arild Rein

Romanen eg har lest heiter "Kaninbyen". Han er skrivi av Arild Rein som kjem frå Stavanger. Boka blei gitt ut av Det Norske Samlaget i 2004 og er siste bok i ein serie på tre bøker.

Boka handlar om undergrunns Stavanger. Hovudpersonen i boka heiter Jonny Roxman. Han er ein oppsagt politimann som for augeblikket bur i ei kolonihagehytte som han har arva etter faren sin. Han gjer som han sjølv vil, utan å bry seg om lover og reglar. At handlingane hans kanskje påfører andre skade, er han totalt likegyldig. Jonny Roxman er ein veldig negativ og kynisk person. I følgje han sjølve er alt forferdeleg, både menneske han kjenner og byen han bur i, Stavanger. I boka er det også mykje fokus på pengar og rikdom. Han ser ned på dei rike fordi han berre meiner at dei gøymer seg bak ein fasade. Boka viser ein annen side av den kjente oljebyen Stavanger. Dette er for å vise at det er fleire enn berre den rike sidan av byen. Forfattaren viser det litt meir utanforståande miljøet som dei fleste av oss ikkje tenkjer så mykje på. Dette framhevar forfattaren gjennom veremåten til hovudpersonen. Hovudpersonen banner og gjer ting som dei meir velståande i byen aldri ville funne på å gjere. Han seier det han meiner rett ut, og forfattaren får tydeleg fram at andre blir overraska over openheita hans. Dei er ikkje vant med at nokon snakkar slik.

Boka er svært samfunnskritisk. Stavanger er ein Olje-by, og dei som jobbar med olje tjener godt. Boka viser korleis folk blir når dei får mykje pengar mellom hendene.
Til trass i at byen skal være så rik, så er likevel ikkje Jonny Roxman det. Han skyldar stefaren sin pengar, og planlegg derfor å tene nokon raske gryn som han seier. Han planlegg å selje bakte poteter på Gladmatfestivalen, og i store delar av boka er det dette han førebur seg til. 

For at ei bok skal vere bra, må ho oppfylle nokon grunnleggjande kriterium. Det som er viktigast for meg, er at språket er godt og at handlinga er interessant og spennande. Noko anna som også er viktig for meg er at eg liker hovudpersonen, og at eg har medkjensle til vedkomande.   

Personleg så liker eg ikkje språket i boka Kaninbyen. Dette har ikkje noko å gjere med at boka er på nynorsk, for det tykkjer eg berre er morosamt. Nynorsk liknar trass alt meir på min dialekt enn det bokmål gjer. Det eg reagerer på er all banninga. Eg tykkjer at det er ein totalt overdriven bruk av banning, noko som gjer at det rett og slett blir irriterande å lese. Eg er ikkje imot banning i litteraturen så lenge det blir brukt for å understreka noko, men når det blir brukt såpass mykje så mister det krafta si i all gjentakinga. Eg forstår kvifor Arild Rein bruker dette ordet så ofte, men for meg så verkar det ikkje. Resten av språket er svært lettlesen med mange korte setningar. Til trass for at resten av språket flyt greitt, så legg eg meir merke til all banninga. Når det kjem til handlinga er eg heller ikkje særleg imponert. Viss eg skulle teikne ei spenningskurve ville det berre vore ein bein, horisontal strek. For min del hadde ikkje boka nokon spesielle høgdepunkt, og handlinga var stort sett berre om kva Jonny Roxman gjer og tenkar. Han har ein utruleg negativ haldning til alt og alle, noko som gjer at det nesten blir litt deprimerande å lese i lengda. Eg får heller ikkje medkjensle for ein mann som oppfører seg slik som han gjer. Eg tykkjer rett og slett at handlinga forsvinn bak all banninga og den negative haldninga til Jonny Roxman.

Samstundes var boka ikkje berre dårleg. Eg likte at eg kjende til dei plassane Arild Rein beskreiv, noko som eg gjer fordi handlinga går føre seg her i Stavanger. Forfattaren er også god på å bruke samanlikningar. Berre det at han kallar boken for Kaninbyen viser korleis han samanliknar byen Stavanger med dyras instinktive åtferd. I boka kritisere han nemleg Stavanger. Han kritiserer dei rike og velståandemenneskane som bur her. Eg liker ikkje akkurat at han kritiserer heimbyen min, men at han meiner at folk er såpass inneslutta kan eg forstå at han reagerer på. Dette viser han med at Jonny Roxman er veldig open samanlikna med resten av menneske i boka. I denne boka har Arild Rein stilt eit spørsmål og kva olja har gjort for byen og om dette påverkar korleis menneskane her er. 

Som konklusjon vil eg sei at boka ikkje passa for meg, og eg vil heller ikkje tilråde ho til nokon andre. Stemninga i boka var alt for negativ, og handlinga blei keisam i lengda.

KJELDER:
- Arild Rein. Kaninbyen. Det Norske Samlaget. 2004. 

fredag 25. mars 2011

Rapport - De siste ukene i norskfaget


Image: Stock photo: To sign a Contract 2 // url: http://www.sxc.hu/photo
I de siste ukene har vi jobbet med personlige tekster i norsken. Vi har opprettet en blogg hvor vi har postet et leserinnlegg om digital kompetanse og en mikronovelle. I denne perioden har vi også  skrevet CV og søknad, samt lært å bruke Google Docs hvor vi jobbet med referatskriving. De sistnevnte sjangrene er var det praksis studenter som underviste oss. Siste punkt på planen er å skrive en rapport.

I tillegg til disse temaene vi skulle gjennom har vi også lært om hva vi kan poste på bloggen. Både av tekst og bilder. Det er ikke lov til å publisere et bilde av en person uten at vedkommende gir tillatelse til dette. Dette betyr at for å legge ut bilder av venner og bekjente må du spørre om tillatelse. Hvis du ikke gjør dette kan den avbilde anmelde deg. Det finnes selvfølgelig unntak fra denne regelen. Hvis det er et situasjonsbilde, for eksempel av en konsert, så trengs ikke samtykke av alle de avbildede menneskene. Noe annet som er viktig å merke seg er at det ikke er  lov til å kopiere andres bilder å publisere det på sin egen side. For å kunne gjøre dette, må du få tillatelse fra vedkommende som la ut bildet. Dette gjelder også kunstverk og musikk. På nettet er det lagt ut egne sider, hvor det ligger bilder med lisens. De bildene kan du bruke til fritt bruk. Eksempler på nettsider hvor du kan ta biler fra er: http://www.sxc.hu/ eller http://flickrcc.net/flickrCC/

Det som har vært mest interessant i denne perioden er å jobbe med bloggen vi oprettet. Det å selv jobbe med en blogg, ga meg en mye større forståelse av hvor mye arbeid toppbloggerne legger i bloggen sin.

I denne perioden har jeg lært mye nyttig som kommer til å få bruk for senere når jeg begynner å jobbe. Jeg kommer til å bruke CVen og søknaden til å søke etter jobb i nær framtid, så dette var veldig nyttig. Alt i alt har dette vært en spennende og lærerik periode hvor vi har lært om relevante sjangre i norsken som vi også kommer til å få bruk for senere.    

mandag 21. mars 2011

Mikronovelle



Blomst. Vannes. Spirer. Gror. Visner. Dør.
Image: Stock photo: Crocus // url:http://www.sxc.hu



                                                                                                                                    

Sommer. Sol. Glede. Latter. Venner. Livet. 

Image: Stock photo: loving moments // url: http://www.sxc.hu

 

fredag 18. mars 2011

Digital kompetanse


Hva er digital kompetanse for deg? Hvor stor digital kompetanse har du?

Digital kompetanse er et begrep som kan omfatte ganske mye. Når jeg hører ordet ”digital kompetanse” tenker jeg først på ordet digital. Dette forbinder jeg med datamaskiner, internett, mobiler og lignende ting. Kompetanse betyr kunnskaper og ferdigheter. Hele begrepet ”digital kompetanse” forbinder jeg derfor med kunnskaper og ferdigheter innen den digitale verdenen. Den digitale verdenen består i dag av uendelig mange ting, og den vokser stadig.

Image: Stock photo: Keyboard

Jeg mener at alle barn som vokser opp i Norge i dag, har en viss form for digital kompetanse. Dette er fordi de vokser opp med mobiltelefoner, data og andre digitale hjelpemidler. Den unge delen av befolkningen vil derfor generelt sett ha bedre digital kompetanse enn det de eldre har. Barn, ungdom og unge voksne vet hvordan de skal bruke de digitale hjelpemidlene vi har i dag. De aller fleste vet hvordan de skal søke på nettet, sende email og bruke tekstprogrammer.
 
Jeg vil si at jeg har en generell digital kompetanse. Jeg kan alt jeg trenger i hverdagen, samtidig som jeg fremdeles har mye mer å lære. Slik som i dag. I dag lærte vi hvilke bilder, videoer og hvilken musikk vi har lov til å publisere på nettet. Jeg visste ikke før i dag at det var så strengt. Bildet jeg har brukt i dette innlegget er derfor tatt fra en nettside, http://www.sxc.hu, hvor alle har lov til å kopiere og bruke bildene.

mandag 14. mars 2011

Velkommen til min blogg

I dag har jeg oprettet en blogg i forbindelse med norskfaget på skolen. Her skal jeg publisere ulike oppgaver som vi holder på med i norsken.